onsdag 13. juli 2016

"Foreldre - skjerp dere!" Klar tale fra min sønn.

Sterk kost! Tidligere i uka fant jeg et brev fra min sønn. Han hadde skrevet – for hånd – til både meg og mora (min ekskone). Brevet er så treffende, velformulert og allmenngyldig at jeg velger å dele det. Selvsagt med tillatelse fra min sønn.

”Kjære mor og far. Eg skriv dette til dykk fordi eg ikkje trur eg klarer å halde meg roleg om me tok dette munnleg akkurat no. Det er for viktig for meg. For alvorleg.


De vaksne trur de forstår oss barn og unge så godt. Spesielt dykkar eigne ungar. Men de har ikkje peiling! De trur at å vera ung i dag er som å vere ung den gong de sjølve var det. Men korleis kan de klara å forstå oss når det ikkje fanst smarttelefonar (knapt nok mobiltelefonar) når de var tenåringar? Korleis kan de forstå kvifor me søv så lite om nettene når de ikkje har nokon idé om korleis det er alltid å (måtte?) vera tilgjengeleg på Snapchat, Messenger, Whatsapp og whatnot? Korleis kan de forstå presset me føler når det er de som legg presset på oss? Eit press om å drive med fritidssyslar som de ynskjer at me skal driva med. Fritidssyslar som ikkje ein gong fantes då de sjølve vaks opp. Det verkar meir som presset betre kan beskrivast som at me skal oppfylla og leva ut dei draumane de sjølve ikkje makta å realisera.

Joda, det har alltid vore tøft å vera ung. Men det må sjåast ut frå av den tida ein er ung i. Me kan ikkje samanlikna korleis det er å vera ung i dag med korleis det var på Sokrates si tid (han sa jo noko om dei eldre sitt privilegium og kritikk av ungdom), nett som me ikkje kan samanlikna korleis det var å vakse opp på 80- og 90-talet med korleis det var og er å ha vakse opp etter år 2000. For dykk som vaks opp i førre tusenår var det aldri ei problemstilling at foreldra dykkar delte bilete av dykk for heile verda på sosiale media (som sjølvsagt ikkje fanst).

Me som veks opp i dag har problemstillingar de aldri hadde då de sjølve var unge. Problemstillingar de ikkje kan forstå fordi de ikkje fullt ut kan forstå korleis verda til dei unge er i dag. Me kan så mykje som de aldri lærte fordi de aldri vart eksponert for det.

Min påstand er at de trur de forstå, men at de ikkje maktar det og difor må leve i illusjonen om at de forstår. Grunnen er at de a) ikkje forsøker verkeleg å forstå ut frå vårt perspektiv, berre dykkar eiga og b) ikkje fullt ut kan forstå fordi de ikkje lever midt oppi det me gjer.

Kjære foreldre:
Nei – det er ikkje kult å ta sjølfie med dykk.
Nei – det er ikkje greitt at dykk tar bilete av oss utan å spørja, og det er i alle fall ikkje greitt at dykk deler bileta. Især ikkje utan vårt samtykke!
Nei – det er ikkje smart når de forsøker å skremme oss frå å bruke ulike sosiale media eller forsøker å forby bruk av dei og diverse nettstader. Det finst betre måtar å ta dette på.
Nei - det er ikkje akseptabelt at me skal bli det de sjølve aldri makta å bli. De skal ikkje leve ut tapte draumar gjennom oss!
Nei – det er korkje særleg lurt eller forståingsfullt av dykk å straffa oss med å ta frå oss telefon, nettbrett, laptop, wifi etc. fordi lærarane våre sender dykk ein e-post om at me verkar trøytte og uopplagde. Det gjer berre at me ligg vakne ennå lenger om nettene, undrande på kva dei andre diskuterer, snappar og melder om medan me er heilt ekskluderte. De ekskluderer oss altså med å gjera dette. Straffa verkar mot si hensikt. Det er heilt feil ende å starta i. Eg føreslår at de tek initiativ til mange samtalar med oss om dette (ikkje gi dykk), og at de spør oss om råd og faktisk lyttar til dei når de først har fått dei. Elles blir det dykkar løysningar på våre utfordringar. Utfordringar som de korkje eig eller forstår.

Kjære far og mor – forsøk som best de kan å sjå verda og problemstillingar frå perspektivet til oss barn og unge før de fattar dårlege avgjersler på tynt eller manglande grunnlag.

Ver så snille å lesa dette nokre gonger før de spør om å prata med meg. Om de ikkje kan akseptera at det for mange faktisk opplevast slik eg har skrive, er det ingen vits i å prata om dette, fordi då har de allereie bestemt dykk for at eg har feil og de har rett. Då blir dykkar mål med samtala å få meg til å bli mest mogleg samd med dykk.

Me snakkast.


Glad i dykk begge!”

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar